Forfatning PDF Skriv ut E-post
Fellesskapskyrkja Sandane er ein sjølvstendig kyrkjelyd som vedkjenner Jesus Kristus som Frelsar og Herre, og trur og forkynner at heile Bibelen er Guds ord.

§ 1 - Skrifta

 

Fellesskapskyrkja Sandane er ein sjølvstendig kyrkjelyd som vedkjenner Jesus Kristus som Frelsar og Herre, og trur og forkynner at heile Bibelen er Guds ord. Vi slutter oss til den reformatoriske formuleringa:

 

Vi trur, lærer og vedkjenner at den einaste regel og rettesnor som all lære og alle lærarar skal prøvast og dømast etter, er dei profetiske og apostoliske skrifter i Det gamle og Det nye testamente. (Konkordieformelen, epitome).

 

Vi trur på Bibelens inspirasjon og at den er tilstrekkeleg og klar i alle spørsmål som angår tru, lære og liv, og at heile Guds råd (Apg. 20,27) skal forkynnast med det siktemål at det skal bli ein del av kyrkjelyden si tru og praksis. På same tid held vi fast ved at Bibelen har eit sentrum; Jesus Kristus, og han krossfest(1.Kor.2,2) og at av nåde er de frelste, ved tru (Ef.2,8), og at heile Bibelen må forståast i lys av dette sentrum.

 

§ 2 - Dei oldkyrkjelege symbola

 

Vi held fast ved dei oldkyrkjelege symboler - Den apostoliske, Den nikenske og Den athanasianske vedkjenning - som sanne uttrykk for den bibelske lære om den treenige Gud og om Guds Son, vår Herre Jesus Kristus.

 

Vi reserverer oss mot siste setning i Den athanasianske vedkjenninga, "den som ikke oppriktig og fast deler denne tro, kan ikke bli frelst", og overlet domen til Herren.

 

§ 3 - Økumenisk profil

 

Vi ser på oss sjølve som eitt av mange lokale uttrykk for Guds Rike på jord. Vi trur vi er eitt med alle "som har fått Den Heilage Ande likesom vi" (Apg 10,47), at "Andens einskap i den freden som bind saman." (Ef 4,3) konstituerer den grunnleggande einskap mellom alle truande, og at "einskap i trua på Guds Son og i kjennskap til han " (Ef 4,13) er målet for einskapen.

 

Vi kjenner oss forplikta av det nye bodet, "De skal elske kvarandre" (Joh 13,34), i vårt forhold til alle truande. Vi trur at vår Andens einskap er verdensvid, men at den først og fremst blir testa lokalt.

 

§ 4 - Funksjon

 

Fellesskapskyrkja Sandane ser tilbeding og lovprising av Den Treenige Gud som kyrkjelydens fremste glede og kall. Den er forløyst for å være "til pris for Guds herlegdom" (Ef 1,14).

 

Vårt kall er dernest oppbygging av kyrkjelydens indre vekst i tru, håp og kjærleik - " dykkar verksemd i trua, dykkar arbeid i kjærleiken og dykkar tolmod i vona til vår Herre Jesus Kristus, for vår Gud og Fars åsyn " (1 Tess 1,3).

 

- og misjon - å proklamere evangeliet ved ord og gjerning for menneske som ikkje har eit personlig forhold til Jesus Kristus, med det mål for auget at dei blir gjort til Jesu læresveinar og blir inkludert i kyrkjelyden sitt fellesskap. Vi trur at ein sunn kyrkjelyd også skal reprodusere seg sjølv ved å plante nye kyrkjelydar, og ved å sende ut evangelister og misjonærer.

 

Dette vert uttrykt i fylgjande visjon:

 

* Vere til glede for Faderen
Joh. 4.34; 5.19 og 30; Ef. 2.10; Åpb. 4.11

* Utruste dei heilage til teneste
Ef. 4.11-16; Apgj. 2.42; 1 Pet. 4.10

* Samle og velsigne alt Guds folk
Jer. 51.27; 1 Kor. 12.20-21; Ef. 1.10; 3.18; 1 Joh. 4.7 ? 5.4

* Be og leve Guds rike ut til Sandane og like til enden av verda
Matt. 3.3; 8.28; 28.18-20; Mark. 16. 15-19; Joh. 14.12-15; 1 Kor. 12-14

 

§ 5 - Det allmenne prestedømme

 

Vi bekjenner at der er ein øvsteprest og at alle døpte og truande er prestar for Gud. Vi hevdar at det allmenne prestedømmet tyder at kvar enkelt truande har fri adgang til Faderens trune ved Jesus Kristus. "For der er éin Gud, og éin mellommann mellom Gud og menneske, mennesket Kristus Jesus" (1 Tim 2,5).

 

Vidare hevdar vi at alle kristne har den rett og det privilegium å vitne om og " forkynna hans stordom, han som kalla dykk frå mørkret til sitt underfulle ljos, (1 Pet.2,9).

 

Alle truande har rett og plikt til å prøve all lære og forkynning på Bibelen, slik at dei: audmjukt tek imot Ordet som er innplanta i dykk, og som har makt til å frelsa sjelene dykkar. (Jak.1,21) og avviser alt som ikkje stemmer med Guds ord.


Desse hadde eit edlare huglag enn dei i Tessalonika. Dei tok imot Ordet med stor godvilje, og granska kvar dag i Skriftene om det hadde seg slik det vart sagt. (Apg 17,11).

 

Vi hevdar at alle truande er kalla og utrusta til teneste og forvaltnig av Guds nåde. "Etter som kvar har fått ei nådegåve, så ten kvarandre med henne som gode hushaldarar over Guds mangfaldige nåde." (1 Pet 4,10). Såleis veks lekamen sin vokster og vert oppbygd i kjærleik når alle tener alt etter den oppgåva som kvar einskild er tilmælt. (Ef.4,16).

 

Målet for den enkelte truande er at "Guds menneske kan vera fullkome, dugande til all god gjerning. " (2 Tim 3,17).

 

§ 6 - Leiarskap

 

Fellesskapskyrkja Sandane hevder at Gud har valgt ut menneske og kalt dei til spesielle tenester med Ordet i kvar enkelt kyrkjelyd og i kyrkja som heilskap. "Han er det som gav somme til apostlar, somme til profetar, somme til evangelistar, somme til hyrdingar og lærarar, " (Ef 4,11). Desse skal på ein spesiell måte "halda ved i bøna og tenesta med Ordet. " (Apg 6,4).

 

Vi trur at det er avgjerande viktig at kvar lokal kyrkjelyd anerkjenner og set inn i teneste dei menn Herren har kalt og utrusta til "hyrdingar og lærarar", og vi ser denne tenesta som den same som ellers kan kallast eldste, tilsynsmann, forstandar og pastor . " Og i kvar kyrkjelyd valde dei ut eldste for dei. Og etter bøn og faste overlét dei dei til Herren, som dei var komne til tru på. " (Apg 14,23).

 

Vi trur at aposteltenesta primært er ei teneste som omfattar fleire kyrkjelydar, og at profetteneste og evangelistteneste nokre gongar kan vere knytta til ein bestemt lokal kyrkjelyd, andre gongar omfatte fleire kyrkjelydar.

 

Eldsterådet er den lokale kyrkjelyden sitt åndelege leiarskap. Det utøver sitt leiarskap ved å være " førebilete for hjorda." (1 Pet 5,3) og ved å sørge for at kyrkjelyden får næring og kraft ved forkynninga av Guds Ord og ved sakramentene. Eldsterådet sine medlemar må kunne identifisere seg med og er forplikta på kyrkjelyden sitt grunnsyn slik det er uttrykt i denne forfatninga. Endringar i forfatning eller syn på lærespørsmål kan bare gjerast med tilslutning frå einstemmig eldsteråd.

 

Hensikta med denne tenesta er "så dei heilage kunne setjast i stand til å gjera teneste, til å oppbyggja Kristi lekam," (Ef 4,12). Gjennom det skal kyrkjelyden vekse " sin vokster og vert oppbygd i kjærleik " (Ef 4,16).

 

Målet for hyrdingane si teneste for den enkelte i kyrkjelyden er " å stella fram kvart menneske fullkome i Kristus." (Kol 1,28).

 

Pastors og éin eldste sine underskrifter forpliktar kyrkjelyden juridisk.

 

I tillegg til dette vert andre medlemar kalla til forskjellige tenester etter den utrustning dei har og dei tenester kyrkjelyden til ei kvar tid treng.

 

§ 7 - Medlemskap

 

Alle som:

 

* Er over 15 år

* Vedkjenner kristen tru

* Er døpt med kristen dåp

* Lever i samsvar med Guds Ord

* Og vil vere ein medarbeider i dei mål og visjonar som kyrkjelyden har

 

Er velkomne i fullt medlemskap. Medlemskap byggjer på truskap og deltaking i kyrkjelyden si verksemd.

 

Vi ynskjer at alle våre medlemar skal:

 

* Ta trufast del i kyrkjelyden sitt fellesskap

* Be for og tale vel om kyrkjelyden og leiarskapet

* Vise omsorg for dei andre i kyrkjelyden

* Søkje å finne sine gåver og si teneste

* Gje etter evne av sine midlar

* Prøve å vere eit vitne i kvardagen og be andre med seg.

 

Medlemskap i kyrkjelyden går ut etter eitt år når eit medlem utan gyldig grunn held seg borte frå regelmessig deltaking i kyrkjelyden sitt gudstenesteliv og ved nattverd. Medlemskap kan oppnås på ny når vedkomande igjen deltar aktivt i kyrkjelyden sitt liv.

 

Når foreldra er medlemar i kyrkjelyden vert barna deira som er under 15 år skrivne inn i medlemskategorien Barn. Dersom berre ein av foreldra er medlem må dei sjølve velge om barna skal registrerast hjå oss. Etter fylte 15 år og før dei fyller 19 må dei sjølve velge om dei vil bli opptekne i fullt medlemskap.

 

§ 8 - Tilsyn

 

Vi søkjer å knyte til oss minst ein moden kristen som nyt tillit og har demonstrert leiarevner og sunn dømmekraft i åndelige spørsmål til å føre tilsyn med eldsteråd og kyrkjelyd.

 

§ 9 - Nettverk

 

Fellesskapskyrkja søkjer å slutte seg saman i nettverk med andre kyrkjelydar med samme grunnleggande prinsipper. Nettverket skal bestå av sjølvstendige kyrkjelydar som på fritt grunnlag samarbeider om oppgåver og tiltak som fremmar kyrkjelydane i liv og teneste.

 

Fellesskapskyrkja er
medlem i