Stab PDF Skriv ut E-post

  

Atle Dalsbø, pastor

Atle er frå Stad i Sogn og Fjordane. Alt som 19-åring tok han til som ungdomsarbeidar og forkynnar i Ryfylke og Jæren Indremisjon. Etter å ha tent konge og fedreland som grensejeger på grensa til Russland, vart sikkert overgangen til å vere ungdomsarbeidar og forkynnar i Nordfjord Indremisjon stor. Atle har også vore krinssekretær i Finnmark Indremisjon i 4 år. Etter 8 år som pastor i Levanger Frikirke kom han til oss i 2000.

Atle er gift med Audny, og saman har dei 4 born. Til dagleg arbeider Atle som dagleg leiar i ADCom på Eid. Dersom Atle skulle finne på å ta seg ei lita fritidsøkt, er det ikkje umogleg at du finn han ein eller annan stad i Guds frie natur. Han er glad i båtlivet, fjellturar og er heller ikkje mismodig om han har ei bok i handa. Men best trur vi likevel at han trivst med familien rundt seg.

 

  

Sample Image
Arnfinn Brekke, eldste

Arnfinn er 51 år og kjem frå Ørsta. Han er gift med Nelly, og saman har dei 3 vaksne barn. Han er eldste i kyrkjelyden vår. Arnfinn trur at Gud har "ein kyrkjelyd" i Gloppen - og at dette er summen av alle kristne, sjølv om vi samlast i ulike fellesskap. Han ynskjer å bidra til større einskap mellom kristne frå dei ulike kyrkjelydane og fellesskapa. Til dagleg er Arnfinn personalkonsulent i Sogn og Fjordane Energiverk. Han er også vararepresentant for KrF i Gloppen. Han er glad i naturen, og tar ein tur i skog og mark. Svinestrand er favorittfjellet. Til slutt kan vi nemne at Arnfinn har stor samling med slips.

 


 

 

 

Leidulf Bogstad, eldste

Leidulf er 48 år og er gift med Sidsel. Dei har 5 barn i alderen 8-18 år. An yrke er han bonde, og er i tillegg dagleg leiar i Årdal Kraft AS. Sin åndeleg bakgrunn har han i kyrkja, og spesielt i indremisjonen (no Nordmisjon). Leidulf har gått bibelskule på Fjellhaug (NLM), og er framleis aktiv i konfirmantarbeid i DnK. Han har mange verv innan kristeleg organisajonsarbeid, og er framleis aktiv barne og ungdomsarbeid. Sidsel og Leidulf brenn for familie og ekteskapsarbeid, og er med i ein komite tilslutta UiO som arrangerer ektepar-weekendar i Sogn og Fjordane. Av interesse vil vi trekke fram fiske og friluftsliv.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Fellesskapskyrkja er
medlem i