Artiklar
Å vere kyrkje i ei spesiell tid PDF Skriv ut E-post
lørdag 21. mars 2020 23:53

 

I denne tida då vi har restriksjonar på kommunikasjon og samvær, så treng vi å hugse at veien til Gud alltid er åpen. Og at Guds nærvær er det beste «antivirusprogram» som fins i desse korona-tider.

 

Vi er også heldige som har digitale muligheter til kommunikasjon og samvær og vi vil prøve å bruke Facebooksida vår meir aktivt i denne tida.

Om du er på Facebook men ikkje er med i gruppa Fellesskapskyrkja, så gå hit https://www.facebook.com/groups/1455387391175991/ og be om å bli medlem.

 

Når det gjeld fysiske samlingar framover så har eldsterådet i møte i dag avlyst møta våre ut april.

Dersom det skulle bli endringar på restriksjonane før den tid så vil vi komme tilbake til det.

Storting og regjering snakkar om ein nasjonal dugnad for å bremse og stanse korona-viruset.

 

Som kristne skal vi støtte våre folkevalde og ta vår del av det

Men i tillegg skal vi løfte landet og folket opp til Gud i bøn og einskap.

 

 

Sist oppdatert lørdag 21. mars 2020 23:59
 


Fellesskapskyrkja er
medlem i