Fokus

Fokus

25-08-2024

I fjor skreiv vi i årsmeldinga om å forenkle livet. Det blir ofte fragmentert, oppslitta og heseblesande.

Men med ei vellukka forenkling der dei uviktige tinga som tar tid og krefter blir lagt vekk, så kan vi vere klar til å det som er årets tema, nemlig fokus.

For målet med forenkling er ikkje at vi ikkje skal gjere noko, men at det vi gjer skal ha meining og verdi.

Denne våren har vi i forkynninga hatt fokus på å vekse inn i det som kvar enkelt av oss er kalt og utrusta til. Å vekse ut av den komfortsona vi har no - og bli komfortabel i "nye soner"

For ein kristen er det viktigaste fokuset alltid å vere ein Jesu læresvein.

Det vil sei at, som dei første læresveinane, så lever vi alltid med Meisteren i allt vi gjer og til alle tider.

På jobb:

Alt arbeid skal de gjera heilhjarta, for det er Herren og ikkje menneske de tener. Kol. 3:23

I fritid:

 For vi legg vinn på å gjera det som godt er, ikkje berre for Herren, men òg for menneske. 2Kor. 8:21

I ekteskap:

Difor skal mannen forlata far og mor og halda fast ved kvinna si, og dei to skal vera éin kropp.  

Kvar og ein av dykk skal elska kona si som seg sjølv, og ho skal ha respekt for mannen sin. Ef.5:31-33

Som foreldre:

Foreldre, vekk ikkje sinne og trass hos borna, men gjev dei omsorg, så dei får ei oppseding og rettleiing som er etter Herrens vilje. Ef. 6:4

Som barn:

Born, ver lydige mot foreldra dykkar i Herren, for det er rett.

Du skal æra far din og mor di, dette er det første bodet som òg har ein lovnad: Ef. 6:1-2

I kyrkjelyden:

5 Og dei gav ikkje berre slik som vi håpa. Nei, seg sjølve gav dei, først til Herren og så til oss, som Gud vil det. 2Kor. 8:5

Ten kvarandre, kvar og ein med den nådegåva han har fått, som gode forvaltarar av Guds mangfaldige nåde. 1 Peter 4:10

I samfunnet:

Difor må de vera lydige, ikkje berre for å sleppa straff, men òg av omsyn til samvitet.

Det er òg grunnen til at de betaler skatt. For styresmaktene er Guds tenarar, og dei er sette til å ta hand om slike ting.

Gjev alle det du skuldar dei: Betal skatt til den som skatt skal ha, og toll til den som toll skal ha. Ha respekt for den som har krav på respekt, gjev ære til den de skuldar ære. Rom. 13:5-7

Å vere ein Jesu læresvein er vårt livskall og vår visjon

Be Gud om å fornye visjonen for deg

· Når vi sluttar å drøyme misser vi retninga.

· Når vi sluttar å sette oss mål, så sluttar vi  å vekse.

· Så lenge vi er på veg mot eit mål, vil vi være åndeleg og kjenslemeesig sunne. 

· Dette gjeld både enkeltpersonar og forsamlingar.

ingen kommentarer enda
Søk