Forenkling

Forenkling

25-08-2024

Forenkling treng ikkje å vere komplisert.

Våre liv kan lett smuldre opp i detaljar, så vi mister perspektiv og pusterom. Måten å løyse det på er å forenkle.

Jesus sa det slik: Difor seier eg dykk: Ver ikkje urolege for livet, kva de skal eta, og kva de skal drikka, eller for kroppen, kva de skal kle dykk med. Er ikkje livet meir enn maten og kroppen meir enn kleda?

Sjå på fuglane under himmelen! Ikkje sår dei, ikkje haustar dei, og ikkje samlar dei i hus, men Far dykkar i himmelen før dei likevel. Er ikkje de mykje meir enn dei?                                                                                                                             Matt.6,25-26

Sørg for forenkling
Problemet kan vere latskap og treghet – når dagen  ikkje strekk til for å få gjort alt vi må. Men det kan også vere at vi må forenkle. Stolthet og egoisme forenklar aldri -det kompliserer.

Hugs kvifor du er her
Sett Guds vilje først. Vi forenklar livet og prioriteringane om vi har eit tydelig forankringspunkt i Guds vilje med våre liv.

Dropp uviktige gjeremål
Ikkje slit ut deg sjølv på meiningslause gjeremål eller ting som ikkje gir positive frukt. Du blir frustrert om du dedikerer for mykje av ditt liv til meiningslause aktivitetar.

Du kan ikkje gjere alt
Om Gud ville du skulle vere fleire personar, så hadde han delt deg opp. La det vere nokre oppgåver igjen til andre også.

Lev ein dag om gangen
Planlegg for framtida, men ikkje lev hverken der eller i fortida . “..Kvar dag har nok med si møde..» (Matt.6,34)

Når morgondagen kjem, er og krafta der for den.
I'm free from the fear of tomorrow, I'm free from the guilt of the past, For I've traded my shackles for a glorious song, I'm Free! Praise the Lord! Free at last!

Kvar enn du er  - Ver der
Ikkje tenk at lukka kjem når du er ferdig på jobb, eller når noko spesielt skjer, eller når du blir pensjonist. Lev der du til ei kvar tid er.

Finn deg ein hobby
Variasjon i aktivitet held deg frisk. Tid til leik, spel og moro  kan vere vel anvendt tid.

Du kan ikkje stoppe verda, men du kan roe ned deg sjølv
Lær å roe ned. Kvile er ei Guddommeleg skaparordning. Når du ikkje kan forandre tempoet rundt deg, så finn din indre kvileplass med Gud og erfar den «..freden som går over all forstand..»

Følg Jesu føredøme
Han som forandra historia meir enn nokon annan. Han som vi har vår tidsrekning etter. Han fann tid til stillhet og tilkobling til Faderen også i dei tidene han hadde det så travelt at han ikkje eingong fekk tid til å ete.

 Lat det same sinnelaget vera i dykk som òg var i Kristus Jesus!            Fil.2,5

Dette er visdom for både våre private liv og for menighetslivet.

Ikkje med makt og ikkje med kraft, men med min Ande,seier Herren over hærskarane                                                                                                           Sak.4,6

ingen kommentarer enda
Søk