Mangfald og einskap

Mangfald og einskap

22-08-2024

Bildet til høgre her vart måla til Fellesskapskyrkja av ein profetisk gjest som var på besøk.

Det seier noko om vårt DNA som fellesskap.

Fargerikt:

Vi har fått mange fargar for at livet skal kunne vere "ein fest for auga". Ut av tre basisfarger (rødt/grønt/blått) kan vi blande mange millinonar fargar og nyansar.

Den tre-einige Gud skapte det tredelte mennesket (ånd, sjel og kropp), og med dei tre ingrediensane skaper han milliardar av unike menneske.

Dette kan gi oss eit godt perspektiv på det kristne fellesskapet—som også er bygd på tre grunnpillarar.

Så blir dei verande desse tre: tru, von og kjærleik. Og størst av dei er kjærleiken 1 Kor. 13:13

Desse ingrediansane kan blandast på mange forskjellige måtar— men der må alltid vere så mykje kjærleik at det gjennomsyrer blandinga

Kanskje har vi for ofte samla berre dei som har same farge som vi—eller "nærliggande" fargar på skalaen. Dersom det blir slik så er der store delar av spekteret som vi aldri får sjå.

Innanfor dei bibelske rammene for liv og lære så er der stort rom for mangfald, og slikt mangfald truar ikkje einskapen.

Når vi ser på bildet vi starta med så er der ingen veggar eller tak—men dei står på ein felles grunn og dei er alle innanfor ramma av bildet.

Det kan vere ein god illustrasjon på det vi vil byggje på Sandane og i Nordfjord også.

Vi vil ha med alle nyansar som kan skapast ut av "basisfargane" Tru—håp—kjærleik. Dette gjeld nyansar i personlegdom, bakgrunn, teologi, erfaring, utrustning, interessser osv.

Det betyr også at vi ikkje vil ha med ting som bryt med "basisfargane". Ting som bryt ned trua på Gud, slik han openberrar seg i bibelen vil vi ikkje ha med. Heller ikkje ting som tar håpet fra menneske eller skader kjærleiken mellom dei. Dette er grunnvollen og rammene som vi vil verne om.

Kjærleiken må også sette grenser. Og det kan vere krevjande i ei verd som ikkje forstår at grensene er der for å verne livet. Det er likevel alltid eit leiaransvar å verne fellesskapet med å definere gode grenser.

Disse grensene kan likevel aldri bli murar—som held folk ute eller inne. Der er aldri tvang i det kristne fellesskapet. Folk kan komme og gå som dei vil utan fordøming – og den einaste grunnen til at dei blir verande må vere at dei vil.

Vi ser fram til å få sjå endå meir fargar i det kristne fellesskapet i året som kjem.

ingen kommentarer enda
Søk