Ordet og livet

Ordet og livet

25-08-2024

Vår truverdighet som menneske er avhengig av at det er samsvar mellom det vi seier og det vi gjer.

Vårt liv som kristne er også avhengig av at det er samsvar mellom det GUD seier og det VI seier, slik at vi ikkje berre lever etter eigna tankar eller meiningane til folk rundt oss.

Korleis held den unge stigen sin rein? Ved å akta på dine ord.                                   Sal. 119:9

Det same gjeld for både unge og eldre. Vi treng altså at VÅRE ord er i samsvar med GUDS ord, og i tillegg at livet samsvarer med orda, for at kristenlivet skal ha integritet.

WYSIWYG er eit kjent akronym i databransjen. Det står for What You See Is What You Get. ( Det du ser er det du får) Det talar altså om at noko er det det gir seg ut for å vere. Ingen falske frontar, skjulte agendaer eller vikarierande motiv. Altså ekte, genuint og transparent.

Slik er Jesus, og slik har han kalt oss til å vere også. Og når vi gjerne vil leve slik så er det eit anna akronym frå menighetslivet som er nyttig og som var mykje brukt for nokre år sidan - WWJD.

Det står for What Would Jesus Do (kva ville Jesus ha gjort)

Mange gikk med armband med dei bokstavane som ei påminning i kvardagen. Det er eit godt og avklarande spørsmål å stille seg når vi er i valgsituasjonar. Og når vi stiller det spørsmålet i bøn og søkjer svar i Ordet, så blir Ordet til liv i og gjennom våre liv.

Eg gøymer ditt ord i hjartet så eg ikkje skal synda mot deg. Sal. 119:11

Det kan vere vanskelig i vår tid å tale som Guds ord i eit samfunn som ofte aktivt motarbeider Guds vilje. Om vi skal kunne gjere det så må våre liv tale det same som munnen seier. Det er det einaste som gir integritet og autoritet til å tale.

Johannes skriv:

For lova vart gjeven ved Moses, nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus.   Joh. 1:17

Dette er vi kalt til også. Å tale både Nåden og Sanninga, men nåden kjem først. Om folk ikkje opplever at nåden er der vil dei som regel heller ikkje kunne akseptere sanninga. Vi er ikkje kalt til å fordøme, men til å tale sanning i kjærleik.

Det kan nokon gangar vere ein krevande øvelse. Men ved  tru  - og gjennom erfaring– veit vi at:

Ordet er deg nær, i din munn og i ditt hjarte. Det er ordet om trua, det som vi forkynner. Rom. 10:8

Og dette ordet "skaper det det nemner" når vi får så gode, rette og sanne ord inn i eigne liv og liva til dei vi har rundt oss. Det er like nær som tunga i munnen og hjarte i brystet. Det har Gudommelig kraft og evig relevans

ingen kommentarer enda
Søk