Personvernerklæring

Korleis vi handsamar personopplysningar på nettstaden og i Medlemar.

Sist oppdatert: 9. oktober 2026

Denne erklæringa forklarer korleis Fellesskapskyrkja Sandane handsamar personopplysningar på den offentlege nettstaden fellesskapskyrkja.no og i medlemsområdet Medlemar.

1. Kven som er behandlingsansvarleg

Behandlingsansvarleg: Fellesskapskyrkja Sandane
Adresse: Leirbrekka 50, 6823 Sandane
E-post: adalsbo@outlook.com
Telefon: +47 957 77 200
Org.nr: 979 661 762 (FLI)

Nettstad: https://fellesskapskyrkja.no

2. Kva erklæringa dekkjer

Erklæringa gjeld:

  • den offentlege nettstaden (informasjon, program, inspirasjon, taler, kontaktskjema m.m.)
  • det lukka Medlemar-området (medlemskonto, profil, chat, notat og dokumentarkiv)

Ho gjeld ikkje behandling på Facebook eller andre eksterne tenester der Fellesskapskyrkja berre har ein side eller profil; der gjeld personvernerklæringa til den aktuelle tenesta.

3. Kva personopplysningar vi handsamar

3.1 Offentleg nettstad

Avhengig av korleis du brukar sida, kan vi handsame:

  • namn, e-post og meldingstekst når du sender kontaktskjema eller skriv til oss på e-post
  • tekniske opplysningar som er naudsynte for at sida skal fungere (t.d. IP-adresse i serverloggar hos hosting-leverandør, i avgrensa periodar)
  • informasjonskapslar / samtykkeval når cookie-banneret på sida er i bruk (sjå Cookies)

Vi samlar ikkje inn meir enn det som er nødvendig for å svare på forespørslar og drifte sida.

3.2 Medlemar (medlemsområde)

I Medlemar kan vi handsame desse kategoriane:

Kategori Døme
Profil fornamn, etternamn, adresse, postnummer, stad, e-post, mobilnummer
Konto / tilgang e-post på allowlist, tidspunkt for invitasjon, innlogging, tidspunkt for når du laga passord og for når du stadfesta at du er 18 år eller eldre og at du har lese personvernerklæringa
Innhald du lagar chatmeldingar, notat, tilbakemeldingar
Dokumentarkiv dokument (PDF, Word, Excel, bilete) med tittel, mappe, dato eller år, filtype, storleik, tidspunkt for opplasting og intern brukar-ID for den som lasta opp (sjå 3.3)
Tilgangsforespørsel namn, e-post, mobil og melding dersom nokon bed om å kome på lista
Tekniske loggar autentiserings- og systemloggar som er naudsynte for trygg drift

Medlemskap i eit trussamfunn er i seg sjølv ei særleg kategori av personopplysningar (sjå rettsleg grunnlag).

Kva du må oppgje: Det er frivillig å bli brukar av Medlemar. Medlemar får tilgang berre etter invitasjon frå kyrkja. For å ta i bruk kontoen må du lage eit passord og stadfeste at du er 18 år eller eldre og at du har lese personvernerklæringa. Namn og e-post får vi når du ber om tilgang eller blir lagd på medlemslista. Utan desse kan vi ikkje gje deg tilgang. Adresse, postnummer, stad og mobilnummer i profilen er valfritt. Ved «Be om tilgang» må du oppgje namn og e-post; mobil og melding er valfritt.

3.3 Dokumentarkiv (medlemsområdet)

Føremål. Dokumentarkivet i medlemsområdet gjer kyrkjelyden sine dokument tilgjengelege for medlemmane på ein trygg måte, til dømes årsmeldingar, referat og økonomidokument. Arkivet skal vere komplett over tid, slik at medlemmar og leiarskap kan finne att det som er vedteke og rapportert.

Kva opplysningar vi handsamar. For kvart dokument lagrar vi tittel, mappe, dato eller år, filtype, storleik, tidspunktet for opplasting og ein intern brukar-ID for den som lasta opp dokumentet. Brukar-ID-en er ikkje ein del av filnamnet eller stien til fila i lagringa. Namnet ditt blir ikkje lagra saman med dokumentet. Når dokumentlista blir vist, hentar vi berre fornamn og etternamn frå profilen din, aldri adresse, telefonnummer eller e-postadresse. Sjølve dokumenta kan innehalde personopplysningar, til dømes namn i eit referat. Dei blir handsama for same føremål som dokumentet. Referat skal innehalde minst mogleg om personar som berre har vore innom éin gong, til dømes eingongsgjester.

Kven har tilgang.

  • Felles: Alle aktive medlemmar kan lese dokument i området «felles».
  • Leiarskap: Berre medlemmar som administrator har gitt tilgang til leiarskapet, kan lese dokument i området «leiarskap», og berre når dei er innlogga med tofaktor.
  • Administrator (med tofaktor-innlogging) kan lese, laste opp, flytte og skjule dokument i begge områda. Medlemmar med tilgang til leiarskapet kan laste opp og flytte dokument i leiarskapsområdet, òg då berre med tofaktor-innlogging.
  • Dokumenta ligg i lukka lagring hos databehandlaren vår (Supabase, EU). Vi lagar ingen opne eller delbare lenkjer. Kvar gong du opnar eller lastar ned eit dokument, blir det sjekka at du framleis har tilgang. Når du ikkje lenger er medlem, eller tilgangen til leiarskapet blir teken frå deg, mistar du tilgangen frå neste gong du opnar eit dokument.
  • Endringar i kven som har tilgang til leiarskapet, og endringar i arkivet (opplasting, endring, flytting, skjuling og sletting), blir loggførte med brukar-ID. Loggane blir sletta etter 12 månader.

Lagringstid. Dokument i arkivet blir lagra så lenge dei har verdi for kyrkjelyden sitt arbeid og som dokumentasjon av verksemda. Dokument som blir fjerna frå arkivet, blir først skjulte og kan gjenopprettast av administrator i 90 dagar. Etter 90 dagar blir dokumentet og fila sletta endeleg ved den neste månadlege ryddinga. Opplastingar som ikkje vart fullførte, blir sletta ved den neste månadlege ryddinga, tidlegast etter eitt døgn. Ryddinga blir gjort manuelt éin gong i månaden. Inntil då er slike opplastingar ikkje synlege for nokon medlem.

Når du melder deg ut. Dokument du har lasta opp, tilhøyrer kyrkjelyden og blir ståande i arkivet etter at du har meldt deg ut, slik at arkivet blir komplett. Så lenge kontoen din finst, kan namnet ditt bli vist som opplastar. Når kontoen din blir endeleg sletta, blir koplinga mellom deg og dokumentet i arkivet fjerna automatisk, og opplastaren blir vist som «tidlegare medlem». Ein intern, pseudonym brukar-ID kan likevel stå att i den tekniske endringsloggen i inntil 12 månader, og i metadataen til fila i lagringssystemet til fila blir sletta. Han er ikkje synleg for medlemmar i Medlemar. Vil du at eit dokument du har lasta opp skal fjernast, kan du kontakte oss (sjå del 14). Vi vurderer då ønsket ditt opp mot behovet kyrkjelyden har for eit komplett arkiv.

Rettsleg grunnlag. Kyrkjelyden har ei berettiga interesse i å ta vare på og dele sine eigne dokument med medlemmane (personvernforordninga art. 6 nr. 1 bokstav f). Brukar-ID-en til opplastaren blir handsama for å kunne administrere arkivet og vise kven som lasta opp eit dokument. Dokumenta kan innehalde opplysningar som indirekte viser religiøs overtyding. Særleg dokumenta i leiarskapsområdet kan vise kven som er medlem og kven som har roller (verv). Slike opplysningar handsamar vi som ein ideell organisasjon med religiøst føremål, innanfor den legitime verksemda vår og med nødvendige garantiar: lukka arkiv, tilgangsstyring og logg, og dokumenta i leiarskapsområdet kan berre lesast av leiarskapet og administrator, og berre med tofaktor-innlogging. Handsaminga gjeld berre medlemmar, tidlegare medlemmar og personar som har jamleg kontakt med kyrkjelyden i samband med føremålet vårt, og opplysningane blir ikkje utleverte utanfor kyrkjelyden utan samtykke (personvernforordninga art. 9 nr. 2 bokstav d).

4. Føremål

Vi handsamar personopplysningar for å:

  1. Drifte den offentlege nettstaden — vise innhald, ta imot kontaktforespørslar, sikre teknisk stabilitet.
  2. Drifte Medlemar — gje godkjende medlemmar tilgang til eit lukka område for fellesskap, informasjon, chat, notat og eit dokumentarkiv for kyrkjelyden (sjå 3.3).
  3. Administrere medlemsliste og tilgang — allowlist, godkjenning av forespørslar, kontakt når det er nødvendig.
  4. Ivareta tryggleik — førebyggje misbruk, dokumentere at du har stadfesta alder og lese personvernerklæringa, handtere eventuelle brot.
  5. Oppfylle lovpålagde plikter der det er aktuelt.

Vi brukar ikkje opplysningane til marknadsføring utanfor det som er nødvendig for kyrkjelyden, og vi sel ikkje personopplysningar.

Vi gjer ikkje automatiserte avgjerder og driv ikkje med profilering.

5. Rettsleg grunnlag

Behandling, føremål og grunnlag

Tabellen viser kva grunnlag i personvernforordninga vi byggjer på for kvar behandling.

Behandling Føremål Grunnlag
E-post og annan kontakt med oss, også personvernforespørslar Svare på det du spør om Art. 6 nr. 1 bokstav f (berettiga interesse: å kunne svare deg)
Serverloggar og tryggleik (offentleg nettstad og Medlemar) Trygg og stabil drift, feilfinning og å avdekkje misbruk Art. 6 nr. 1 bokstav f (berettiga interesse: trygg og stabil drift og å avdekkje misbruk)
«Be om tilgang» (forespørsel om å kome på medlemslista) Handsame forespørselen din Art. 6 nr. 1 bokstav b (tiltak du sjølv ber om før ein avtale)
Medlemskonto, profil, chat og notat i Medlemar Gje deg tilgang til Medlemar og tenestene der Art. 6 nr. 1 bokstav b (avtale) og art. 9 nr. 2 bokstav d (sjå under)
Dokumentarkiv i Medlemar Ta vare på og dele kyrkjelyden sine dokument med medlemmane Art. 6 nr. 1 bokstav f (berettiga interesse: eit komplett arkiv for kyrkjelyden) og, for særlege kategoriar, art. 9 nr. 2 bokstav d (sjå 3.3)
Varsel om personvernbrot og lovpålagd lagring Oppfylle plikter vi har etter lov Art. 6 nr. 1 bokstav c (rettsleg plikt)

Når vi byggjer på berettiga interesse, har vi vurdert at interessene våre ikkje går føre dine rettar. Du kan protestere, sjå retten til å protestere.

Personvernforordninga art. 9 (særlege kategoriar)

Opplysningar om medlemskap i eit trussamfunn høyrer til særlege kategoriar. For Medlemar byggjer vi på personvernforordninga art. 9 nr. 2 bokstav d: Fellesskapskyrkja er eit religiøst trussamfunn, og opplysningane gjeld berre medlemmer og personar med regelmessig kontakt med kyrkjelyden. Vi utleverer ikkje opplysningane til andre utan samtykke frå deg. For dokumentarkivet gjeld dette òg tidlegare medlemmar, sjå 3.3.

Vi ber altså ikkje om samtykke for dette. Når du loggar inn første gong, stadfestar du at du har lese personvernerklæringa. Tiltaka vi har sett i verk for å verne opplysningane, står under tryggleikstiltak.

6. Kven får tilgang

Internt

  • Administratorar hos Fellesskapskyrkja — berre i den grad det er nødvendig for drift, støtte og tryggleik.
  • Andre medlemmar i Medlemar kan sjå innhald som er delt i fellesskapsfunksjonar (t.d. chat og delte notat), etter tilgangsstyring i systemet.
  • Dokumentarkivet: alle aktive medlemmar kan lese dokument i området «felles». Dokument i området «leiarskap» kan berre medlemmar med tilgang til leiarskapet og administratorar lese, og berre når dei er innlogga med tofaktor. Namnet til den som lasta opp eit dokument, blir vist for dei som kan sjå dokumentet. Sjå 3.3.

Databehandlarar / leverandørar

Leverandør Rolle
Supabase (Supabase Inc., USA) Drift av Medlemar (database, autentisering, lagring m.m.). Data blir lagra i EU (Frankfurt, eu-central-1). Supabase eller underleverandørane deira kan i visse tilfelle få tilgang frå land utanfor EU/EØS. Overføringsgrunnlaget er EU-standardkontraktane (SCC), som er tekne inn i Supabase sitt Data Processing Addendum (databehandlaravtale)
ProperHost Hosting av den offentlege nettstaden og e-post for domenet fellesskapskyrkja.no (t.d. pastor@fellesskapskyrkja.no)
Microsoft (Microsoft Corporation, USA; Outlook, adalsbo@outlook.com) Mottakar av personvernforespørslar og enkelte driftsvarsel via e-post — til kyrkja har eiga e-post på eige domene. Microsoft Corporation er sertifisert under EU–US Data Privacy Framework (DPF)

Vi brukar ikkje Cloudflare i dag. Tek vi tenesta i bruk, oppdaterer vi erklæringa før det skjer.

Alle som handsamar data på vegner av oss, skal gjere det etter avtale og instruks.

7. Overføring og lagring

  • Data i Medlemar blir lagra i EU hos Supabase (Frankfurt, eu-central-1).
  • Nokre leverandørar held til utanfor EU/EØS eller kan få tilgang derifrå (sjå § 6). Overføringane byggjer på desse grunnlaga:
  • Du kan be om meir informasjon om garantiane eller ein kopi av dei ved å sende e-post til adalsbo@outlook.com.

8. Lagringstid og sletting

Type Retningsline
Kontaktskjema / e-postforespørslar Slettast eller arkiverast når saka er ferdig handsama; normalt innan 12 månader, med mindre det er grunn til lenger lagring
Server-/tryggleiksloggar (offentleg side) Kort tid, typisk opp til 90 dagar, med mindre lengre er nødvendig ved sikkerheitshending
Cookie-/samtykkeval i nettlesar Til du slettar det, eller etter perioden vi set i cookie-løysinga
Medlemsprofil og konto Så lenge du er medlem / har aktiv konto; ved utmelding eller når du ber om sletting: sletting eller anonymisering innan rimeleg tid (mål: innan 30 dagar, med mindre lov krev lagring)
Chat, notat Til du slettar dei, eller til kontoen blir sletta; admin kan slette ved brot på vilkår eller etter forespørsel
Dokumentarkiv Så lenge dokumentet har verdi for kyrkjelyden. Skjulte dokument blir sletta endeleg ved den neste månadlege ryddinga etter 90 dagar. Endringsloggen (revisjonslogg) blir sletta etter 12 månader. Opplastaren blir vist som «tidlegare medlem» når kontoen blir sletta (sjå 3.3).
Tilgangsforespørslar Til handsama; deretter sletta eller avgrensa, typisk innan 12 månader

Du kan be om sletting — sjå rettar.

9. Dine rettar

Du har, innanfor rammene i personvernregelverket, rett til å:

  • få innsyn i personopplysningar vi har om deg
  • få retta uriktige eller ufullstendige opplysningar
  • få sletta opplysningar («retten til å bli gløymd») der vilkåra er oppfylte
  • begrense handsaminga i visse tilfelle
  • få dataportabilitet (få ut data i eit strukturert, vanleg format) der det er aktuelt
  • protestere mot handsaming basert på berettiga interesse
  • trekkje tilbake samtykke der handsaminga byggjer på samtykke, utan at det påverkar lovlegheita av handsaming før tilbaketrekkinga
  • klage til Datatilsynet

Du kan be om innsyn eller sletting ved å sende e-post til adalsbo@outlook.com.

Rett til å protestere. Når vi handsamar opplysningar på grunnlag av berettiga interesse, kan du når som helst protestere av grunnar knytte til din særlege situasjon. Send e-post til adalsbo@outlook.com. Vi stoppar då behandlinga med mindre vi kan påvise tvingande berettiga grunnar.

Vi handsamar forespørselen utan ugrunna opphald, og seinast innan éin månad etter at vi mottok ein gyldig forespørsel (personvernforordninga art. 12). Fristen kan forlengast med inntil to månader ved komplekse eller mange forespørslar; då får du beskjed innan den første månaden.

10. Cookies og lokal lagring

Vi brukar få tekniske lagringar. Vi brukar ikkje analysecookies (t.d. Google Analytics), reklamecookies eller sporingspikslar på den offentlege sida i dag. Dersom det endrar seg, oppdaterer vi denne lista og cookie-banneret før dei vert tekne i bruk.

10.1 Offentleg nettstad (fellesskapskyrkja.no)

Namn / nøkkel Type Føremål Varigheit Nødvendig?
fk_cookie_choice Lokal lagring i nettlesaren (localStorage), ikkje HTTP-cookie Huskar om du har valt «Godkjenn» eller «Avvis» i cookie-banneret, slik at banneret ikkje blir vist kvar gong Til du slettar nettlesardata / lokal lagring for domenet Ja (for å respektere valet ditt)
Hosting-/tryggleiksloggar hos ProperHost Serverlogg, ikkje cookie i nettlesaren din Drift, feilfinning og tryggleik (t.d. IP i avgrensa periodar) Sjå lagringstid Ja

Skrifttypar og programbibliotek blir lasta frå vår eigen server. Vi sender ikkje opplysningar om deg til Google eller andre CDN-ar.

Cookie-banneret («Godkjenn» / «Avvis») styrer i dag berre lagring av fk_cookie_choice. Så lenge vi ikkje har valfrie cookies eller skript, endrar valet ditt ikkje funksjonaliteten utover om banneret blir vist på nytt. Når vi eventuelt innfører valfrie cookies, vert dei berre lasta etter «Godkjenn».

Du kan slette lokal lagring og cookies i nettlesarinnstillingane. Då kan banneret dukke opp att.

10.2 Medlemar (innlogging)

Når du er innlogga i Medlemar, set autentiseringsløysinga (Supabase Auth) nødvendige sesjons-/autentiseringscookies eller tilsvarande token-lagring for å halde deg innlogga og verne tilgangen. Desse er knytte til tenesta, ikkje til marknadsføring, og er nødvendige for å oppfylle avtala om tilgang (art. 6 nr. 1 bokstav b) og for trygg drift.

Eksakte cookienamn kan variere med Supabase Auth-oppsettet; typisk er sesjonscookies knytte til autentiseringsdomenet. Dei slettast når du loggar ut, eller når sesjonen går ut på tid.

11. Barn og ungdom

Medlemar er berre for personar som er 18 år eller eldre. Personar under 18 år får ikkje tilgang. Ved første innlogging må brukaren stadfeste at dei er 18 år eller eldre (avkryssing). Vi samlar ikkje inn fødselsdato for denne kontrollen.

Same aldersgrense gjeld for tilgangsforespørslar («Be om tilgang»).

12. Tryggleikstiltak

Vi tek rimelege tiltak for å verne personopplysningane, mellom anna:

  • tilgangsstyring (allowlist og innlogging; avgrensa admin-tilgang etter minste privilegium)
  • tofaktor-innlogging (MFA) for administratorar og for leiarskapsområdet i dokumentarkivet
  • kryptert samband (HTTPS)
  • lagring hos leverandørar med databehandlaravtale og EU-region der det er mogleg
  • lukka lagring av dokument: tilgangen blir sjekka kvar gong du opnar eller lastar ned eit dokument, og vi lagar ingen opne eller delbare lenkjer
  • logg over endringar i dokumentarkivet og i tilgangen til leiarskapet (blir sletta etter 12 månader)
  • minimering — vi spør berre om det som trengst
  • rutine for varsling ved personvernbrot: til Datatilsynet utan ugrunna opphald og om mogleg innan 72 timar der det er plikt (art. 33), og til dei registrerte når brotet truleg medfører høg risiko for deira rettar og fridomar (art. 34)

Ingen løysing er 100 % risikofritt; vi arbeider kontinuerleg med å halde risikoen så låg som praktisk mogleg.

13. Endringar i erklæringa

Vi kan oppdatere denne erklæringa når tenestene, leverandørane eller regelverket endrar seg. Ny versjon blir publisert på nettstaden med oppdatert dato. Ved vesentlege endringar som gjeld Medlemar, informerer vi medlemmar på ein eigna måte (t.d. ved innlogging eller e-post).

14. Kontakt

Spørsmål om personvern, innsyn eller sletting:

Fellesskapskyrkja Sandane
Leirbrekka 50, 6823 Sandane
E-post: adalsbo@outlook.com
Telefon: +47 957 77 200